Gåvekort

Gavekort

Gje bort ei kjekk kinooppleving!
Hos Høyanger kommunale kino kan du velje mellom fleire typar gåvekort. Finn den løysinga som passar deg best.

eGåvekort

Eit digitalt gåvekort er den perfekte gåva som kan brukast til både kinobillettar og varer i kiosken. Gåvekortet er lokalt og gjeld berre hos Høyanger kommunale kino.

Kjøp eGåvekort: eBillett: Gavekort

Filmweb kinogåvekort

Vi tek imot både digitale og fysiske kinogåvekort frå Filmweb. Desse kan òg brukast til både kinobillettar og varer i kiosken.

Kjøp Filmweb kinogåvekort:

Digitale kinogåvekort frå Filmweb

Fysiske kinogåvekort frå Filmweb

Noregsbilletten

Vi tek òg imot Noregsbilletten frå Filmweb. Dette er ei perfekt moglegheit for deg som har fått gåva gjennom arbeidsgjevar eller i andre samanhengar.

Les meir om Noregsbilletten: Noregsbilletten

Eldre gåvebillettar og fribillettar

Har du ein eldre gåvebillett eller fribillett frå Høyanger kommunale kino? Desse kan framleis brukast hos oss.

Vi oppmodar alle kundar til å bruke opp eldre gåvebillettar og fribillettar så snart som mogleg.

Viktig informasjon

Høyanger kommunale kino har dessverre ikkje høve til å gje gratisbillettar til lotteri, avslutningar eller veldedige føremål.