Bursdag på kino
Vil de feire barnebursdag på kino? Det synest vi er stas! Her er informasjon de treng til planlegginga:
Film og lokale
De kan velje film blant dei ordinære framsyningane våre.
Det er mogleg å leige Festsalen til feiring før filmen startar. Lokalet passar perfekt til kake og enkel servering.
De står sjølve for servering av mat og drikke, og de må rydde lokalet etter dykk.
Vi kan ordne popcorn, baconsnacks og brus til bursdagen. Bestill på førehand kva de ønskjer og kor mykje, så gjer vi det klart til de kjem!
Bestilling og reservasjon
Ver ute i god tid med bestilling, då vi ikkje alltid har ledig lokale eller kapasitet.
Festsalen reserverer de via kommunen si nettside:
Høyanger kommune – leige av lokale
Ver oppmerksam og les nøye gjennom rutinane for leige av lokale.
Billettar
Kinobillettar kan kjøpast på førehand på nettsida vår eller direkte i kinokiosken.
Merk: Vaksne som følgjer barna på kino, må også kjøpe billett.
Har de spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss for ein hyggeleg prat!